Om Vossestrand Rekneskapskontor
Me er eit autorisert rekneskapskontor som held til på Vinje, vegg-i-vegg med Joker-butikken. Kontoret er godkjent ARS (autorisert rekneskapsførarselskap) og er medlem av RN-Regnskap Norge. Kontoret har også samarbeidsavtale med Bondelaget.
Me legg vekt på å ha dei beste løysingane på rekneskapstenestene våre – både for kundane og dei tilsette.
Ynskjer du elektronisk rekneskap kan me hjelpa deg med å koma i gang.
Me nyttar Duett til rekneskapføring, løn og årsoppgjer. I tillegg leiger me serverplass hjå Duett som ivaretek vedlikehald og sikring av data. Me tilbyr m.a.:
- rekneskap
- fakturering
- lønskøyring
- årsoppgjer
- skattemelding
- landbrukstakst
- eigarskifte - landbruk
Kundane våre er fordelt på mange ulike bransjar. Me har lang erfaring med enkeltpersonføretak, små og mellomstore bedrifter og landbruksrekneskap.